Vi søkjer etter ein engasjert avdelingssjukepleiar som er oppteken av leiing, fagutvikling og kompetanseutvikling i 100% fast stilling. Arbeidstid er for tida på dagtid med 37,5 t/veke, og med avtale om fleksitid.
Eidet Omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids- og demensplassar. Det er tett samarbeid på tvers av tenestenivåa og i leiarteamet. Den aktuelle stillinga er for tida knytt til avdeling 2, som består av 22 langtidsplassar. Eidet Omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenstedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenestar.
Kommunen er i gang med eit arbeid knytt til ny institusjonsstruktur, som vil vere svært positivt for innbyggjarar med behov for helse- og omsorgstenester. Dette er ein spennande og utviklande prosess der ein får høve til å vere tett på endring og fagleg utvikling. Avdelinga har oppgåvedeling etter TØRN-modellen, og kommunen har over tid arbeidd målretta med betre tenesteflyt. Som avdelingsleiar vil du få ei sentral rolle i vidareutviklinga av framtidsretta og berekraftige tenester
Kommunalområde Helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode og målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i
kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Haram kommune er oppteken av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
føringar
kommunen
kommuneorganisasjon
Maria Elizabeth Marthinussen, Tenesteleiar, 94051001, maria.elizabeth.marthinussen@haram.kommune.no
Trolldalssletta 12
6264 Tennfjord
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 5117192205
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.