Radiologisk avdeling er ei høgteknologisk avdeling i stadig endring. Avdelinga har meir enn 350 tilsette, der om lag 160 er radiografar. Avdelinga er inndelt i fleire seksjonar med eiga leiing. Radiologisk avdeling har ein moderne utstyrspark og utfører dei fleste undersøkingar.
MR seksjonen har 34 tilsette, av desse 4 merkantile og 27 radiografar og ein leiar. Vi er stasjonert i sentralblokka på Haukeland universitetssjukehus. MR seksjonen driftar 6 MR maskinar kor av 3 maskinar er 3T og 3 maskinar er 1,5T. Maskinleverandør er GE (2 stk) og Siemens (4 stk). MR-seksjonen har i hovudsak inneliggande pasientar og pasientar frå intern poliklinikk. Vi utfører også mykje spennande forsking i samarbeid med andre. Vi har turnus med helg, samt bakvaktsordning på natt.
Ved seksjon for MR er det ledig to 100% vikariat som radiograf. Oppstart så snart som mogeleg. Eit av vikariata er ut 2026, det andre er ut oktober 2026 med moglegheit for forlenging.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Audun Grimstad Selvåg, Seksjonsleiar, 452 19 195, audun.grimstad.selvag@helse-bergen.no
Haukelandsveien 22
5021 BERGEN
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5145073319
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 28.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.