Vaksdal kommune har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar i heimetenesta. Søkjarar som ønskjer høgare eller lågare stillingsprosent enn 80 %, blir oppmoda til å gjere merksam på dette i søknaden. Tilpassing kan vurderast ut frå drift og behov i tenesta.
Heimetenesta yter tenester til menneske i alle aldrar og livssituasjonar. Vi arbeider for å gi trygg og god omsorg prega av respekt, høg fagleg kvalitet og menneskeleg varme – der den enkelte sine behov står i sentrum.
Vaksdal kommune er ein kommune med sterkt fellesskap. Vi legg stor vekt på eit godt arbeidsmiljø der tillit, samarbeid og støtte står sentralt. Heimetenesta er i stadig utvikling, med fokus på velferdsteknologi, fagleg oppdatering og brukarmedverknad. Vi arbeider tverrfagleg, og du blir ein del av eit dyktig og engasjert team som brenn for å gi gode og trygge tenester – der folk bur og lever liva sine.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Heimesjukepleien har base på Dale, og dekkjer heile kommunen. Me skal leggje til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg heime.
Det gjer me gjennom å leggje til rette for eigenmeistring og sjølvstende, ved å byggje på brukaren sine eigne ressursar. Me har brukarar i alle alderstrinn, og arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande. Arbeidsoppgåver er blant anna: Stell og pleie, oppfølging av ernæring og medisinar, gje støtte og vegleiing til brukar og pårørande, kvardagsrehabilitering, omsorg og pleie, palliasjon i heimen, oppfølging med velferdsteknologi.
Før tilsetting må gyldig politiattest jfr. § 5-4 i Helse- og omsorgstjenesteloven fremlegges. Prøvetid er 6 mnd. og for øvrig skjer ansettelsen på de vilkår og med de plikter som følger av lov, tariffavtaler og reglementer.