I Lærdal bur det berre rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Gjennom året byr me på store marknader, musikkfestival, matfestival, gytefestival (den må du nesten berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest – og mykje meir.
Me er omkransa av majestetiske fjell og har eit rikt utval av fantastiske turmoglegheiter, både til fots og på ski. Her finn du også ei mengd fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Sentrum er koseleg og sjarmerande, med gamle trehus som strekkjer seg heilt ned til fjorden. I den grøderike dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikeleg monn.
Kommunen vår ligg faktisk svært sentralt til: Det tek om lag tre timar å køyra til Bergen og fire timar til Oslo. I tillegg ligg både «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og ja – me har eige lokalsjukehus.
Har du lyst til å vera reinhaldar/reinhaldoperatør i Lærdal kommune? Me har ledig ein 100% stilling som reinhaldsoperatør/reinhaldar, frå 1.august 2026
Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette hjå oss skal spegla samansetjinga i resten av befolkninga. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stilling hjå oss, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter at søknadsfristen har gått ut, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste. Lista inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel, samt bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn i opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan likevel verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå oppført på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje vert teken til følgje, vil søkjaren verta varsla om dette.
Link til søknadsskjema:
Søk herI Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.