Vil du leie an i utviklinga av eit kraftsenter for framtidsretta industri og næringsliv i hjartet av Sogn?
Som vår nye daglege leiar får du ei unik moglegheit til å forme eit nyoppretta selskap frå grunnen av. Vi søkjer ein profil som er formålsdriven og har eit sterkt samfunnsengasjement, men som samstundes er ein utprega marknadsretta person med kommersiell teft. Du må vere strategisk anlagt, men samstundes ha god gjennomføringskraft – ein person som set ord og planar ut i konkret handling.
Som dagleg leiar får du det overordna ansvaret for å profesjonalisere og utvikle selskapet vidare. Du vil ha stor fridom til å forme di eiga rolle, og du vil samarbeide tett med eit kompetent styre og nøkkelpersonar hos eigarane.
Dine viktigaste oppgåver blir å:
Vi ser etter ein handlekraftig og samlande leiar som brenn for å skape verdi gjennom samhandling. Du blir motivert av å byggje noko frå grunnen og har evna til å sjå kommersielle moglegheiter der andre ser barrierar.
Vi søkjer deg som har:
Vi ser etter den rette kombinasjonen av hovud og hjarta for oppgåva. Erfaring frå industri, eigedom eller energi er ein førdel, men vi er først og fremst på jakt etter ein leiar med kommersiell motor og solid gjennomføringskraft.
Vi oppmodar deg til å søkje, sjølv om du ikkje kjenner deg att i absolutt alt som blir nemnt i denne teksten. Kompetansegap kan tettast, og til sjuande og sist er det personlegdom, evner og entusiasme for rolla som er avgjerande!
Søknadsfrist: 28. april - søknader blir vurderte fortløpande.
Ta kontakt med vår rekrutteringspartner HAMNØY ved rådgiverne
Registrer og send inn CV og søknad snarest. Rekrutteringspartneren vår behandler alle henvendelser konfidensielt – også overfor oss i Årdal Teknologipark i den innledende fasen dersom det er ønskelig.
Tilstredelse etter avtale.
Sarya Aydilek, Rådgiver - research & analyse, +47 908 06 003, sa@hamnoy.no
Jan Tore Hamnøy, Rådgiver, +47 411 02 200, jth@hamnoy.no
Arbeidsgiver: HAMNØY AS
Referansenr.: 5056719195
Stillingsprosent: 100%
Fast
Selskapet har solide og ambisiøse eigarar i ryggen: Hydro Aluminium, Årdal Energi og Årdal Utvikling. Dette sikrar ei brei forankring i både industrien og lokalsamfunnet, der Årdal kommune spelar ei sentral rolle som indirekte eigar gjennom sine energiverk og utviklingsselskap.
Årdal Teknologipark forvaltar i dag ein portefølje av eigedommar og infrastruktur, og har som målsetjing å skape nye arbeidsplassar og fleire verksemdsetableringar i Årdal. Vi finansierast gjennom eige utleige og kapitalinnskot frå våre eigarar, som har tilført selskapet ein eigenkapital på om lag 44 millionar kroner for å sikre investeringskraft og vekst. Vi er stolte av å vere ein profesjonell og offensiv aktør som nyttar Årdal sine unike fortrinn – som rein energi og tung industrikompetanse – til å byggje morgondagens berekraftige industrisamfunn.