Stad kommune har ledig vikariat som miljøterapeut ved Lærings- og aktivitetssenteret (LA-senteret) på Nordfjordeid. 100 % stilling i eitt år frå 01.08.2026. Vikariatet kan bli forlenga.
Målet til kommunen er å samordne aktivitetstilbod med låg terskel for deltaking for fleire brukargrupper i alderen 18-67 år som er utanfor det ordinære arbeidslivet. LA-senteret høyrer til i LA-bygget på Langeland, Nordfjordeid. Senteret deler lokale med eininga Opplæring og integrering i Stad kommune, og med attføringsverksemda Movia. LA-senteret er organisert under eininga Bu- og miljøtenesta i Stad kommune.
Vi søkjer etter ein person som saman med leiar og andre kollegaer kan vidareføre og utvikle LA-senteret som ein arena for aktivitet og
læring for brukarar med ulik kompetanse, interesser, ønske og behov for
bistand og rettleiing. Senteret skal fremje trivsel, sosialt fellesskap,
tryggleik, respekt og meistring og samarbeide tett om desse målsetjingane med tenestemottakarane, pårørande, frivillige, næringslivet og andre kommunale
tenestetilbod.
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden. Politiattest skal leverast før start i stillinga.
Vi gjer merksame på at etter §25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar opmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unntak må grunngjevast.
For nærare opplysningar, ta kontakt med fagleiar Jannike Sundal tlf. 97 57 25 41
Jannike Sundal, Fagleiar LA-senteret, 95127314, jannike.sundal@stad.kommune.no
Langelandsåsen 21
6770 Nordfjordeid
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 5119925623
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 17.05.2026
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg midt i Nordfjord heilt nord i Vestland fylke. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. Her finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff-festivalen, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!