UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAEr du ein person som brenn for narrativ og for korleis historier formar måten vi ser og forstår data og informasjon i verda rundt oss?
Vi søkjer ein motivert og fagleg sterk kandidat til ei stipendiatstilling i narrativ datavisualisering ved Senter for digitale forteljingar, som er del av Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Planlagd oppstart er 1. januar 2027, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år.
Stillinga er knytt til Senter for digitale forteljingar (CDN), eit norsk senter for framifrå forsking, og er tett kopla til Visualiseringsgruppa (VisGroup) ved Institutt for informatikk. Den som vert tilsett, vil dele arbeidstida si mellom dei to forskingsmiljøa og vil bli oppmoda til å delta aktivt i begge miljøa. Sjølv om kandidaten vil ha noko fridom til å velje kva data som skal brukast i ph.d.-prosjektet, forventar vi at det vert utvikla koplingar til pågåande prosjekt ved CDN, særleg ERC Advanced Grant-prosjektet AI STORIES, samstundes som ein nyttar fullt ut den metodiske og tekniske kompetansen som finst i VisGroup.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har om lag 80 vitskapleg tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 stipendiatar og 13 postdoktorar. Instituttet omfattar fagområda allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske studium, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk- og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, lingvistikk og teatervitskap. Instituttet er òg vertskap for to senter – Senter for digitale forteljingar og Senter for norsk fagspråk – i tillegg til tre av dei viktigaste ordbøkene i Noreg.
Senter for digitale forteljingar er eit norsk senter for framifrå forsking som er dedikert til humanistisk forankra forsking på digitale forteljingar, inkludert elektronisk litteratur, spelstudiar, digital kultur og berekningsbaserte former for historieforteljing. CDN har søkjelys på algoritmisk narrativitet, nye miljø og materialitetar, og dei skiftande kulturelle kontekstane der digitale forteljingar vert mottekne og tolka. Vi undersøkjer korleis samspel mellom menneskelege forfattarar og ikkje-menneskelege aktørar fører til nye narrative former, korleis materialiteten i digitale forteljingar har endra seg over tid, og korleis kulturelle kontekstar omformar materialiteten deira, bruk og funksjon. CDN tilbyr òg eit livleg, tverrfagleg forskingsmiljø med omfattande internasjonalt samarbeid, utstillingar, opplæringstilbod og tverrsektorielle partnarskap.
AI STORIES: Narrative Archetypes for Artificial Intelligence er eit femårig ERC-finansiert prosjekt (2024–2029) leia av professor Jill Walker Rettberg. Prosjektet utforskar og testar hypotesen om at djupe narrative strukturar i dataa og prosessane som vert nytta til å trene generative KI-modellar, vert reproduserte og kanskje til og med forsterka i outputen frå generativ KI, og at dette kan føre til kulturelt spesifikke narrative skeivskapar. Dette er humanistisk forsking som nyttar kvalitative metodar frå litteraturvitskap og studium av digital kultur.
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid som krev særskild kompetanse.
Stillinga har ein samla periode på tre år, der 2,5 år er sett av til arbeidet med doktorgradsprosjektet. Som stipendiat blir du tatt opp i ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet. Programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som utgjer seks månadar av tilsetjingsperioden.
Søkjarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, sjå Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkjarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, saman med ein framdriftsplan for prosjektet.
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane. Det vil vidare bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og personleg eignaheit.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknadstekst, CV og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsetjingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte senterleiar, professor Jill Walker Rettbert, e-post: jill.walker.rettberg@uib.no, telefon: +47 55588431 eller instituttleiar, professor Anders Fagerjord, e-post: anders.fagerjord@uib.no, telefon: +47 55583653.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Internasjonalt senter ved UiB har informasjon om å flytte til Noreg for internasjonale søkjarar.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Video:
https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.