Heimetenesta i Sande kommune har ledig stilling som helsefagarbeidar med oppstart 01.06.2026. Vi søkjer ein dyktig og engasjert medarbeidar som ønskjer å bidra til at innbyggjarane våre får trygge og faglege gode tenester i eigen heim. Heimetenesta arbeider målretta for å sikre heilskaplege, bærekraftige og framtidsretta tenester til alle som treng det. Eininga har ansvar for helse- og omsorgstenester til heimebuande brukarar og til bebuarar i omsorgsbustadar. Vi legg vi stor vekt på nærleik, samarbeid og gode relasjonar – både mellom tenestene, mellom tilsette og ikkje minst til brukarane våre.
Arbeidet er variert og kvardagen styrast av behova til dei pasientane som til ei kvar tid mottek tenester. Hos oss møter du eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på omsorg og høg fagleg kvalitet. Stillinga inneber for tida todelt turnus og arbeid to helger i løpet av ein seksvekarsperiode.
Det vert stilt krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi bed om at du oppgir referansar i søknaden din.
Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar, +47 95918965
Presegardsvegen 31
6084 Larsnes
Arbeidsgivar: Sande kommune
Referansenr.: 5140582111
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.07.2026
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.