Fjord1 har no ei ledig stilling som matros i sambandet Bognes-Skarberget, p.t. MF Glutra
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald.
Arbeidsdagen om bord varierer etter trafikk, vêr og drift, og gir ein kvardag som er både allsidig og lærerik. Tempoet er høgt, men oversiktleg og trygt – noko som gjer at du får brukt erfaringa di, lærer mykje nytt og raskt blir trygg på både fartøy og rutinar. Dette gir gode moglegheiter for deg som ønsker å utvikle deg vidare i faget.
I denne stillinga jobber du 2 veker på og 2 veker fri. Ferja går på dag og det er mulighet til å bu ombord i skiftperioden. I tillegg vil du få 6 vekers sommarferie.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Sigrunn Hellebust, Rekrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Rv85
8275 Storjord i Tysfjord
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5128039778
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.