Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon. Vi har også 1 ØHD-plass.
Vi har legevakt i kommunen 24/7.
Som sjukepleiar vil du kunne jobbe langvakter, kvar 6. helg og langfri kvar 6. veke.
3. årssjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.
Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +4790770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.no
Prærien 23
3870 Fyresdal
Arbeidsgiver: Fyresdal kommune
Referansenr.: 5139943040
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 30.06.2026
Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve.