Vi søkjer etter ein musikklærar med hovudvekt på rytmisk song, som kan ta del i undervisning innan fleire musikkfag ved skolen.
Vi treng deg som har solid bakgrunn frå den rytmiske musikkverda, og som kan bidra aktivt til å utvikle og styrkje det rytmiske tilbodet vårt. Du har erfaring med sjangrar som pop, rock, jazz, soul eller beslekta uttrykk, og er trygg i arbeid med band, samspel og vokal formidling i ulike ensembler og kontekstar.
Vi ser etter ein lærar som kombinerer praktisk musikkutøving med pedagogisk forståing, og som kan inspirere elevar til musikalsk utvikling, skapande arbeid og sjangerforståing.
Utlysninga må sjåast i samanheng med ei utlysing ved Ålesund kulturskole. Det vil bli lagt vekt på moglegheit for stillingssamarbeid. Samla kan dei to stillingane utgjere ei stilling på inntil 100 %, med arbeidsforholdet delt mellom Ålesund videregående skole (50 %) og Ålesund kulturskole (50 %). Stillingane må søkast på kvar for seg.
>>> Klikk her for å gå til kulturskulens utlysning
Stillinga inneber undervisning i song og andre musikkfag. Læraren vil ha ansvar for å utvikle ferdigheitene til elevane i stemmebruk, song og musikalsk uttrykk, både individuelt og i gruppe. Stillinga omfattar òg arbeid med felles musikalske praksisar, mellom anna øving og innstudering av korrepertoar i samband med konsertar, avslutningar og andre arrangement.
Stillinga inngår i eit tverrfagleg og praksisorientert læringsmiljø, og det er forventa samarbeid med dei andre lærarane på avdelinga om undervisning, prosjekt og produksjonar. Den som blir tilsett, må kunne bidra fleksibelt i fleire musikkfag, avhengig av behova til skolen og elevgrunnlaget, og vere ein aktiv del av kunst- og kulturlivet ved skolen.
Vi søkjer deg som har formell undervisningskompetanse i musikkfag, med ekstra vekt på song.
Vi søkjer deg som har eit positivt elevsyn, god relasjonskompetanse, og som kan vere ein trygg og tydeleg vaksenperson for ungdomane våre. Du må ha gode samarbeidsevner og bidra aktivt i profesjonsfellesskapet på skolen. Vi søkjer deg som er fleksibel og engasjert, og som kan bidra til å utvikle skolen og faga. Du må også ha god kompetanse innan IT på brukarnivå.
Politiattest må fremleggast jmfr. opplæringslova §17-11.
Sæther Vidar, Fagleder, +47 91642281
Gangstøvikvegen 27
6009 ÅLESUND
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5114544428
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 15.05.2026
Om skolen:
Ålesund videregående skole er den største i fylket med ca. 1400 elevar og eit stort mangfald av både studieførebuande og yrkesfaglege utdanningar. Vi er lokalisert på Campus Ålesund (i Fagerlia) og på Volsdalsberga, med nært og godt samarbeid med NTNU Ålesund, Fagskolen Møre og Romsdal og regionalt nærings- og kulturliv. Vi skal vere ein attraktiv og framoverlent skole med høg elevgjennomføring, og som leverer relevant kompetanse for både arbeidsliv og høgare utdanning.