Psykiatrisk klinikk er i stadig utvikling og har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. Psykiatrisk klinikk er i ei spennande utvikling med planar for framtidas psykiske helsevern på Sandvikenområdet og i Årstadhuset på Haukeland 2029/2030.
Avdeling spesialisert psykosebehandling er lokalisert i på Sandvikenområdet, og er ei av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon Psykisk helsevern. Avdelinga består av 5 døgnseksjonar; Akutt psykose S3, S4 og S5, Kompleks rehabilitering (KRS) og Tidleg psykose (TP). I tillegg har avdelinga ansvar for polikliniske tenester, derunder eit ambulerande UUP-team (utviklingsforstyrringar/utviklingshemming og psykoselidingar), TOPS (Tidlig oppdagelse av psykose) og treningspoliklinikk.
Avdeling spesialisert psykosebehandling har no ledig ei fast stilling som psykologspesialist, som i hovedsak er tenkt inn mot seksjon Kompleks rehabilitering (KRS). KRS er ein døgnseksjon for pasientar med psykose i kombinasjon med utviklingshemming, utviklingsforstyrringar eller andre kompliserande tilleggstilstandar. Seksjonen har brei tverrfagleg kompetanse og arbeider systematisk med målretta miljøterapi, (re)habilitering og recovery. KRS tilbyr eit godt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver og gode høve til fagleg utvikling. Ein må pårekne å bistå på tvers i avdelinga ved behov.
Du
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Igne Sinkeviciute, Avdelingssjef, +47 55958580
Sandviksleitet 1
5036 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5136554509
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.