Fjord kommune har ledig vikariat som styrar i 60% i Dalsbygda barnehage frå dagens dato - 31.12.2026.
Dalsbygda barnehage er plasser i Norddal og har barn frå bygdene Eidsdal og Norddal. Gruppene er oppdelt i ei småbarnsgruppe 0-3 år og ei storbarnsgruppe 3-6 år
Gjennom kunnskap, engasjement og forståing for barn og barndom i dag, vil oss gjennom samarbeid jobbe for å fremje barna si utvikling gjennom leik, venskapsbygging og medverknad. Å være bevisst og reflekterande over eiga rolle i møte med barn har stor betyding for barna si utvikling og trivsel. Å væra ein god rollemodell, ein støttande vaksen, er utslagsgivande for god grensesetting i barnehagen.
Satsingsområde er: Venskap , venskapsbygging, leik, språk og digitale virkemiddel.
«Korleis kan bevisstheit rundt auka bruk av digitale virkemiddel og vaksenrolla i barnehagekvardagen bidra til auka språkutvikling i barnegruppa?» er problemstillinga vi har sett til prosjektarbeidet vårt dette barnehageåret.
Barndomen har ein eigenverdi, og barnehagen skal ha ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Mariann Ringdal Birkhol, Kommunalsjef Oppvekst og kultur, +47 41867830
Rellingsvegen 83
6214 Norddal
Arbeidsgivar: Oppvekst og kultur Fjord kommune
Referansenr.: 5096679417
Stillingsprosent: 60%
Vikar
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 10.05.2026
Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.
Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.
Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no