Du må ha:
Me ønsker at du har:
Forventingar til deg som leiar:
Medarbeidarane er DSB sin viktigaste ressurs. I leiarstillinga får du ansvar for eit stort spenn av oppgåver, og for å levere tenester innan ulike saksfelt. Du må difor være utprega samarbeidsorientert, følge opp medarbeidarane dine, gje dei tilbakemelding, og stimulere til utvikling aleine og saman med kollegaer.
Som leiar i DSB, skal du bidra til at me er ein moderne og profesjonell organisasjon, som leverer på samfunnsoppdraget vårt. Du må vera målbevisst og flink til å kommunisere både internt og eksternt.
Du vil få personalansvar for åtte faglærar med ulik kompetanse innan faget førebyggande. Emnet gjev studentane opplæring i systematisk tryggleiksstyring og -arbeid. Studentane skal kjenne til og forstå brann- og redningsvesenet si rolle i det systematiske tryggleiksarbeidet og dei ulike fasane i det systematiske arbeidet; kartlegging, planlegging, iverksetting og evaluering. Du vil også ha ansvar for organisering og kvalitetssikring av arbeidet rundt studentane si fordjupingsoppgåve.
I seksjon høgare yrkesfagleg utdanning er me 40 tilsette. Fagskulestudiet er ei to-årig utdanning innan brann, redning og samfunnstryggleik. Utdanninga er ei generalistutdanning med hovudvekt på basisferdigheiter innan fag som alarmoperatør, førebyggande arbeid, samfunnstryggleik, yrkesrollen og grunnleggande brann og redning. Studentane er i praksis i tredje semester.
Oppgåva til Brann- og redningsskulen er å utdanne det beste personellet til brann- og redningsvesen og naudmeldesentralar i landet. Me tilbyr eit breitt utval av kurs, blant anna i brann og redning, førebygging, naudalarm, oljevern og leiing. I januar 2024 opna me ei toårig fagskuleutdanning for dei som skal jobbe heiltid i beredskap, med førebyggande brannvern eller som operatør på ein naudmeldesentral for brann og redning. Brann- og redningsskulen er ein del av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).
Skulen ligg på Fjelldal og med ei eining på Stavern. Me tek imot 160 nye studentar og over 1000 kursdeltakarar i året. Saman skal vi bidra til at landets brann- og redningsvesen har mot til å tore, og kunnskap til å handle, når det verkeleg gjeld.
Les meir på:
www.brsk.noDersom du har spørsmål om stillinga, ta kontakt med seksjonssjef Bjørn Steinar Røvik på e-post bjorn.rovik@dsb.no eller telefon 97160416.
Me utarbeider offentleg søkjarliste når søknadsfristen går ut. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om å ikkje bli ført opp på søkjarlista, jf. Offentleglova §25.
Gjennom både søknadsbrev og CV må du vise korleis kompetansen din fyller kvalifikasjonskrava som er skildra i utlysinga. Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. I tillegg ber me om at du lastar opp både søknadsbrev og CV som vedlegg i PDF-format. For å jobbe i DSB må du vera vera skikka tryggleiksmessig og medverke til ein god kultur for tryggleik. Les meir om tryggleik i DSB på
heimesida vår. Bakgrunnssjekk vert gjennomført. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.