Vi har ledige faste helgestillingar for sjukepleiarstudentar ved Kirurgisk Klinikk post 1.
Kirurgisk Klinikk post 1 er ein del av avdeling for Gastro- og akuttkirurgi, og tar hand om pasientar med sjukdommar i heile mage-tarmsystemet.
Post 1 har 40 senger og ca 69 årsverk. Posten har ein høg andel elektive pasientar, og mange er alvorleg sjuke. Vi jobbar mye med innovasjons og forbetringsprosjekt.
Dei tilsette jobbar aktivt med ressurspersonoppgåver og vi jobbar heile tida med å heve vår faglege kompetanse. Pleieassistentar jobbar i team med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og pleieassistenter på posten, samtidig som ein jobbar tverrfagleg med kirurgar, fysioterapeutar og anna personale.
Dette er ein spennande, lærerik, travel og fantastisk avdeling å jobbe på. Som pleieassistent hos oss vil du raskt opparbeide deg eit godt klinisk blikk, jobbe i eit godt arbeidsmiljø og ved nokre anledningar få øve på prosedyrar.
Pleieassistentar jobbar i todelt turnus, men ved ekstravakter kan ein få tilbod om nattevakter.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anette Haatuft Haugland, Seksjonsleiar Øvre, 55973408
May-Britt Sudmann, Seksjonsleiar Nedre , +47 55973402
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5140959388
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 10.08.2026
Søknadsfrist: 19.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.