Vår visjon er å skape framtidas heimeteneste – ei teneste som er heilskapleg, førebyggjande og tett på brukarane. No etablerer vi eit nytt team i tenesta. Vi søkjer fagpersonar som vil vere med og forme gode pasient- og brukarforløp.
Arbeidet vårt er forankra i verdiane omsorg, livsglede, mot, rausheit og engasjement – verdiar vi ønskjer skal vere tydelege i møte med brukarar, pårørande og kollegaer.
Teamet skal arbeide tidsavgrensa og intensivt med brukarar som har behov for kartlegging, oppfølging og rehabilitering i heimen. Teamet får ei sentral rolle i å følgje opp, støtte og trygge brukarar i overgangar mellom sjukehus, korttidsopphald og heim.
Gjennom tett samhandling skal teamet mellom anna bidra til:
Vi lyser ut tre faste stillingar i innsatsteamet. Ein av stillingane kan pårekna å få ei utvida koordinatorrolle.
Einingsleiar heimetenesta: Marianne Våge Berland
Tlf: +47 56 16 16 60
Ass. Einingsleiar heimetenesta: Kate Samland Løland
Tlf: +47 56 16 05 02 | +47 950 71 121
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema:
Søk herØygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 40 700 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet.
Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.