DPS dag har ledig 100% fast stilling for terapeut med høgskuleutdanning til OP-teamet.
OP-team er eit ambulant team som arbeider primært med pasientar som har alvorlege psykiske lidingar. OP-team planlegg å bli eit FACT-team på sikt. Vi ser etter deg som ønskjer å jobbe der pasientane er, og har eit ynskje om å samhandle på tvers av tenestenivå for å gi pasientar best mogleg oppfølging. DPS dag er opptatt av god samhandling, og vi motiverast av å ha pasientens ynskjer og behov i fokus.
DPS dag er ein poliklinikk som gir distriktspsykiatriske tilbod til kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Poliklinikken er ein seksjon i avdelinga Psykiatrisk klinikk. Dei tilsette i poliklinikken er tverrfagleg samansett med legar, psykologar og høgskuletilsette. Vi har eit aktivt forskingsmiljø knytt til psykiatrisk klinikk og har fleire tilsette i pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Poliklinikken er lokalisert i både Førde og Florø.
Nyttig info ved jobbsøknad til Psykiatrisk klinikk, Helse Førde HF
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Rebecca Mendes Melvær, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 707
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5133482520
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 21.06.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.