Vil du ha ein meiningsfull sommarjobb der du får jobba praktisk og del av eit inkluderande arbeidsmiljø? Kveik formidling AS har ledig sommarjobb for ungdom i produksjonen.
Me ser etter ungdom mellom 16 og 23 år som har lyst til å bidra i praktisk arbeid i eit variert og sosialt arbeidsmiljø.
Me ser etter deg som:
Er motivert og likar å jobbe praktisk
Me treng deg som har lyst å lære nye arbeidsoppgåver, eller kanskje du kan litt om dei allereie. Me treng hjelp til plenslått, gjerne litt køyreoppdrag om du har førarkort.
Enkle produksjonsoppgåver innan treproduksjon, som blomekasser mm.
reinhald av avfallsbehaldarar og bosrom.
Anna førefallande praktiske oppgåver.
Me tilbyr deg ein moglegheit til:
Kveik formidling AS er ei verksemd som jobbar med arbeid og inkludering, og har som mål å gje fleire ein meiningsfull arbeidskvardag.
Me har mange ulike arbeidsarenaer ein kan arbeide ved, før ein eventuelt skal ut i ekstern praksis. Mange har sine faste arbeidsplassar hos oss, og desse arbeidsstasjonane er i stadig utvikling og endring. Her er det store moglegheiter for å tileigne seg ny kunnskap.
Hos oss vil de jobbe saman med deltakarar i tilrettelagt arbeid (VTA) -- som kollega, ikkje som rettleiar, og samarbeide med tilsette i produksjonen.