Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Naturen, med si lange kyststripe, er vakker og storslagen. Mellom anna er kommunen kjend for det mektige fuglefjellet på øya Runde. Det er eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod i kommunen. Øya Herøy er nøkkelstad på Kystpilegrimsleia, og kyrkja tek aktiv del i pilegrimsarbeidet. Elles er det tilbod om festivalar og arrangement for alle, til dømes det spektakulære fjell løpet «Fyr til fyr»
Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy kommune. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, som er kommunesenteret, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn, der det dagleg er fleire fly til Oslo og Bergen. Til Ålesund kjem ein seg på under halvannan time. Det er ein halv time til Ulstein, der m.a. Sunnmøre folkehøgskule ligg. I Fosnavåg har vi badeland og hotell med konserthus.
Leikanger kyrkje, frå 1806 der er 505 medlemmer og det bor 679 i soknet
Indre Herøy kyrkje, frå 1916 der er 1324 medlemmer og det bor 1776 soknet
Hovudkyrkja, Herøy, ei arbeidskyrkje frå 2003, er kanskje det mest allsidige kyrkjebygget i landet. Kyrkja husar kyrkjekontoret, kyrkjerom, kyrkjelydssal, kapell, gymsal, amfi og andre samlingsrom, og er i bruk kvar dag og fleire gongar om dagen, både av tilsette og frivillige medarbeidarar. Til hovudkyrkja soknar der 4787 medlemmer og det bor 6520 i soknet. Administrasjonen på kyrkjekontoret er profesjonell og ryddig.
Det er 13 tilsette i kyrkjestaben: to prestar, diakon, to kyrkjelydspedagogar, kantor, kyrkjeverje, kontorfullmektig, to kyrkjetenarar, to gravplasstilsette og fleire klokkarar (frivillige og i mindre stillingar). Det er stabsmøte kvar veke.
Vi ser etter ein kapellan som kan vere med å fortsette det gode og jamne kyrkjelydsarbeidet, men som også kan drive fram eigne prosjekt knytt opp til kyrkjelydane sine planar og strategiarbeid. Kapellanen skal arbeide i alle tre kyrkjene og dele dei kyrkjelege handlingane med soknepresten.
Det er viktig at kapellanen trivest med born og ungdom, og erfaring frå dette feltet vil vere ei styrkje for arbeidet. For tida jobbar ein spesielt med ei ny gudstenesteform nokre søndagar i semesteret, «Messy Church», og dette gjev rikt høve til involvering og godt samarbeid med stab og friviljuge.
Ein ynskjer også å utvide arbeidet knytt til ungdom, og bruk av lokala i arbeidskyrkja. Vidareutvikling av pilegrimsarbeidet knytt til nøkkelstaden Herøy er eit anna satsingsområde. Det er samarbeid med Ulstein sokn om konfirmantundervisinga og TenSing. Når det gjeld ansvar i trusopplæringa og pilegrimsarbeid, vil ein finne ein høveleg ansvarsdeling mellom kapellan, sokneprest, diakon og kyrkjelydspedagogane.
Kapellanen utfører sin teneste i samsvar med tenesteordning formenighetsprester og har soknepresten som sin nærmaste overordna. I Søre Sunnmøre prosti, som er tenestedistrikt, er det til saman 14 prestestillingar. Det er i tillegg studentprest (50% stilling). Helseføretaket har sjukehusprest ved Volda sjukehus (70% stilling).
Ingeborg Matre, Prost, 94806965
Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg
Arbeidsgivar: Den norske kirke
Referansenr.: 5125012421
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.06.2026