Habilitering har to vikariat på 100 % og ei fast helgestilling som er knytt til brukar som har BPA-teneste.
Dette er ei hyggelig dame i 50-åra som ønsker å ha eit aktivt liv. Ho liker køyreturar, konserter og ulike spill. Tidlegare interesser har vore stell av hest, kunstnerisk handarbeid og matlaging.
Habilitering handlar om å støtte menneske som har medfødd eller tidleg erverva funksjonsnedsetjing, slik at dei kan utvikle og bruke eigne ferdigheiter best mogleg. Målet er å styrkje meistring, sjølvstende og livskvalitet i kvardagen. Arbeidet omfattar tilrettelegging, praktisk bistand, opplæring og miljøarbeid, i tett samarbeid med den enkelte tenestemottakar, pårørande og andre faggrupper.
Arbeidet har oppgåver som personleg assistent som inkluderer dagleglivets gjeremål, personleg pleie og sosiale aktivitetar. Vere sjåfør på brukars bil til aktiviteter.
Gyldig politiattest må kunne leggast fram ved tilsetting (ikkje eldre enn 3 månadar)
Tenesta har kommunal bil (automat) og tilgang til liten buss for rullestoltransport (manuelle gir). Denne kan brukast med førarkort klasse B.
https://xn--flytttilseral-wfb.no/
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5124280697
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.