Ønskjer du å jobbe som fastlege i ei bygd med fantastiske moglegheiter for friluftsliv på fjell eller fjord? Søk då vårt vikariat ved Vik legekontor! Me har no ledig 100% stilling som fastlege. Stillinga er ledig frå etter avtale til 28.02.27.
Vik legekontor er kommunalt drifta, godt utstyrt og bemanna med erfarne og stabile legar og helsepersonell. Legekontoret har 6 fastlegar og ei LIS1-stilling. Vik kommune er godkjend som utdanningsverksemd for spesialisering i allmennmedisin og legg godt til rette for ALIS-løp med individuell utdanningsplan, rettleiing og fagleg oppfølging.
Stillinga er for tida ikkje tildelt andre offentlege allmennlegeoppgåver i kommunen, men dette kan bli aktuelt (jf. forskrift om fastlegeordning i kommunane). Du vil i stillinga vera vikar for fastlege med eiga liste, samt delta i øyeblikkeleg hjelp konsultasjonar på dagtid og legevakt.
Ved tilsetjing vil ein leggje vekt på personlege eigenskapar og samarbeidsevne.
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
Det er også ledig ei 100 % fast stilling som fastlege.
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema:
Søk herVik kommune har omlag 2 560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod.
Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 385 mill.kr.