Ledig vikariat ved Nav Vaksdal
Det er ledig vikariat som leiar ved Nav Vaksdal frå snarast og tom 30.06.2027. Vi søkjer ein engasjert og tydeleg leiar som vil ta utfordringa med å leie kontoret i denne perioden. Hos oss får du ei sentral rolle i eit viktig samfunnsoppdrag; å få fleire i arbeid og sikre gode tenester til innbyggjarane.
Kontoret har for tida 8 tilsette fordelt på statlege og kommunale stillingar, og du blir leiar for eit felles kontor med statleg tilsetjingstilhøve. Som leiar har du det faglege og administrative ansvaret, og den viktigaste oppgåva blir å sikre heilskaplege tenester og bidra til størst mogleg yrkesdeltaking.
Nav Vaksdal er ein del av Nav region Voss og Hardanger, og samarbeid på tvers av kommunar og internt i kommunen blir avgjerande for å lukkast. Stillinga rapporterer til regionleiar i Nav region Voss og Hardanger og kommunalsjef for oppvekst i Vaksdal kommune.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Eirik Verpelstad, Avdelingsdirektør Nav region Voss og Hardanger, 911 52 458, Eirik.Verpelstad@nav.no
Konsul jebseng. 16
5722 Dalekvam
Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5123766762
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 21.05.2026
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling