Skjold skule har nå ca. 300 flotte elevar fordelt på 1.–10. trinn og eit dyktig personale på rundt 45 tilsette. Leiarressursen på skulen er fordelt på rektor og undervisningsinspektørar. Som inspektør er du ein del av leiarteamet som jobbar med skuleutvikling og oppfølging av elevar og personale. Stillinga vil vere 75% undervisningsinspektør og 25% undervisning
Skjold skule har fokus på utvikling på det faglige og det sosiale området. Me har engasjerte og dyktige tilsette som bidreg positivt inn i utviklingsarbeidet. Skulen ligg flott til med både fjell og vatn i nærleiken, samt eit attraktivt aktivitets- og idrettsområde på skulen. Bygda har engasjerte innbygjarar og me har føresette som bryr seg om skulen sin.
Me søkjer deg som
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.