Hos oss får du verdifull erfaring med pasientar som treng tett observasjon, behandling og oppfølging. Medisinsk observasjonspost har 8 senger og 4 behandlingsstolar, og vi tek imot pasientar frå 12 år og oppover med uavklarte medisinske problemstillingar.
Pasientane kan til dømes ha brystsmerter, mistanke om hjartrytmeforstyrring, behov for observasjon i samband med undersøking, intoksikasjon eller andre akutte medisinske forløp. Posten har kort liggjetid og stort pasientomløp gjennom døgnet.
Dette er ei stilling der du får lære mykje, jobbe tett med erfarne kollegaer og bli tryggare i møte med pasientar som treng rask vurdering og god oppfølging.
👉 Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt ved Medisinsk observasjonspost. Søk gjerne – vi ser fram til å bli betre kjent med deg.
Hos oss vil du mellom anna:
Hos oss er det viktig at du:
Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Frank Terje Hauge, Funksjonsleiar, 91638926, Frank.Terje.Hauge@helse-fonna.no
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.hallelan@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5137145664
Stillingsprosent: 15%
Vikariat
Startdato: 10.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 12.06.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.