Brenn du for automasjonsfaget og moderne kontrollanlegg?
Noreg -- og verda -- treng meir fornybar energi for å nå klimamåla. I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å produsere straum basert på naturkreftene våre, samstundes som vi utviklar og forbetrar anlegga våre for framtida.
Automasjon og kontrollsystem speler ei nøkkelrolle i sikker og effektiv drift av kraftanlegga våre, og vi søkjer no etter ein erfaren automasjonsingeniør som vil bidra i utvikling av anlegg og løysingar, og vere ein sentral ressurs i vidareutviklinga av automasjonsfaget i SFE.
Som automasjonsingeniør i SFE vil du få ei sentral rolle innan automasjonsfaget i anlegga våre. Stillinga har eit breitt spenn, der du jobbar operativt med drift og vedlikehald av kontrollanlegg, samstundes som du er ein fagleg ressurs for organisasjonen. Du vil bidra aktivt i rehabiliteringsprosjekt -- frå planlegging og tekniske vurderingar til idriftsetjing og dokumentasjon -- og samarbeide tett med både interne fagmiljø og eksterne leverandørar.
Arbeidskvardagen din vil mellom anna handle om oppfølging av PLS-ar og tilgrensande utstyr i kontrollanlegg, inkludert drift, vedlikehald, feilsøking og vidare forbetringar. Du vil arbeide med PLS-programmering og endringshandtering, testing og verifikasjon, samt vere involvert i fjernstyrings- og kommunikasjonsløysingar mot SCADA-system. I dette ligg også ansvar for grensesnitt, signalflyt og kvalitet i data. Industrielle nettverk knytte til kontrollanlegg ligg som ein viktig del av rolla, både når det gjeld robust drift, feilsøking og dokumentasjon.
I tillegg vil du delta i prosjektarbeid knytt til rehabilitering av anlegg, anten med delansvar eller som utførande ressurs i gjennomføringa. Dokumentasjon og internkontroll er ein naturleg del av jobben, og du vil bidra til at anleggsdokumentasjon er oppdatert etter gjennomførte tiltak. Du vil også yte driftsstøtte på tvers av anlegg og fagmiljø i SFE.
Vi søkjer deg som har høgare utdanning innan automasjon, til dømes frå teknisk fagskule eller bachelor-/masterstudium, kombinert med relevant erfaring. Lang praktisk erfaring, gjerne med fagbrev i botnen, kan kompensere for formell utdanning. Det viktigaste for oss er at du er fagleg trygg, har god systemforståing og interesse for kontroll- og automasjonssystem. Erfaring med PLS-programmering, fjernstyring og industrielle kommunikasjonsløysingar er ein fordel. Bakgrunn frå kraftbransjen er positivt, men relevant erfaring frå prosess- eller annan industri kan også vere verdifullt.
Kraftproduksjon er eit samspel mellom mange fag, og vi trur du vil trivast og lukkast best hos oss dersom du er framoverlent, lærevillig og nysgjerrig. Du jobbar strukturert, likar å få ting i mål og samarbeider godt med andre på tvers av fagområde. Du er trygg nok til å gjere faglege vurderingar, og open for nye perspektiv og teknologiske moglegheiter.
Hos SFE får du ei variert og meiningsfull rolle i skjeringspunktet mellom drift, vedlikehald, prosjekt og fagleg utvikling. Du blir ein del av eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid på tvers av organisasjonen, og du får høve til å jobbe med samfunnskritisk infrastruktur som bidreg direkte til det grøne skiftet. Vi legg til rette for fagleg og personleg utvikling, og vi er stolte av eit arbeidsmiljø der trivsel, fellesskap og samarbeid er blant våre største styrkar.
Verdiane våre -- stolt, frisk og ekte -- pregar måten vi jobbar på. Vi håpar du vil vere med oss og utvikle den fornybare framtida.
Arbeidsstad vil i utgangspunktet vere ved vårt hovudkontor på Sandane, men arbeidsstad ved ein av våre andre lokasjonar (Ålfoten, Svelgen, Mel) kan og vere mogleg.
Før tilsetting av den rette kandidaten, vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
Søknadsfrist: 3. mai.
Har du spørsmål kan du ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule (mobil 913 50 286) eller fagleiar automasjon Eivind Risøy (mobil 917 10 928).
I Sogn og Fjordane Energi (SFE) jobbar vi kvar dag med å lage straum ut i frå naturkreftene våre - og utvikle nye fornybarprosjekt på lag med naturen - det er samfunnsoppgåva vår! Våre over 100 engasjerte medarbeidarar jobbar innan ulike fagmiljø som elektro-, bygg- og maskinfag, IKT, energi, miljø, automasjon, krafthandel, marknad, sal, HR, økonomi, finans og kommunikasjon med meir.
"Vi skaper den fornybare framtida" er SFE sin visjon, og denne er felles for konsernet og selskapa i konsernet. Denne fortel mykje om vår verksemd, vår rolle i samfunnet og vår verdiskaping for fellesskapet. SFE er ein stor aktør i den norske kraftindustrien, med omfattande produksjon av fornybar energi.