Trollongane barnehage har ledig eit vikariat på 80% som assisterande styrar i perioden 20.08.26 - 31.07.207.
Me er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter og har omlag 24 årsverk som gir et godt pedagogisk tilbod til 95 barn. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.
Time kommune har ambisjonar om å tilby barnehagar med høg kvalitet der barn opplever tryggleik, trivsel og utvikling. Me arbeider systematisk med kvalitet, inkludering og tidleg innsats i heile oppvekstløpet.
Som assisterande styrar blir du ein del av leiarteamet i barnehagen og får ei sentral rolle i både drift og utvikling. Du vil ha medansvar for personal, økonomi og fagleg utvikling, og bidra til at barnehagen blir driven i tråd med lover, forskrifter og kommunale føringar.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Ein utfordrande jobb med gode utviklingsmoglegheiter som leiar av eit godt arbeidsmiljø. Du vil vera del av eit dyktig leiarkollegium i Time, og del av eit spanande leiarnettverk. Som assisterande styrar får du ta del i prosjekt på eit tidleg tidspunkt og kan vera med å utvikla barnehagesektoren i Time.
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156
Kjeldevegen 1
4344 Bryne
Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5136588644
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 20.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 17.06.2026
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.