Vi har no ei interessant moglegheit som maskinsjef på våre reservefartøy i "gamle" Hordaland. For tida omfatter dette MF Sogn, MF Lifjord og MF Solskjel, med base på Steinestø ferjekai, 25 minutter nord for Bergen. I denne stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.
Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og to veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 84-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale. Det blir òg gitt fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Kandidatar blir vurdert fortløpande.
Teknisk leiar om bord har ansvar for at skipet sitt tekniske utstyr og system fungerer i samsvar med krav frå klasseselskap og styresmakter. Du vil ha ei sentral rolle i vedlikehald etter AMOS-systemet, og bidra til at tryggleikstyringssystemet følgjer ISM-koden.
Du skal bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
Arbeidet omfattar opplæring, teknisk vedlikehald og dokumentasjon, forbrukskontroll, reinhald og brannførebygging, og blir utført i tråd med gjeldande stillingsinstruks.
Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.
Vi søkjer ein sjølvstendig og løysningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne til å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjerande. Dette er eigenskapar som vil gjere deg til ein verdifull ressurs i teamet vårt og sikre ein god flyt i kvardagen på sjøen
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no
Fv269 5108
5108 Bergen
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5124277127
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.