Sentralkjøkkenet produserer mat til begge sjukeheimane, heimebuande og drift av kantina ved Høyanger helsesenter. Vi har levering av middag til ca 130 personar. All middagsleveranse er vakuumpakka og det vert nytta kok- kjøl prinsippet. Avdelinga har 4 faglærte kokker som ynskjer å få med ein lærling på laget.
Er du motivert til å starte læreløp hos oss med eit stort engasjement for ernæring? Hos oss får du lære av erfarne fagfolk og mulighet til utvikling. Frå hausten 2026 tek vi inn lærling som Ernæringskokk
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vitnemål/karakterutskrift leggast ved søknad.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Link til søknadsskjema:
Søk herHøyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no