UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVi søkjer ein motivert og engasjert medarbeidar til ei fast 100 % stilling som seniorkonsulent (studie/eksamenskonsulent) ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) ved Det humanistiske fakultet. Det er ynskjeleg med oppstart frå 15. september 2026.
LLE er eitt av fire institutt ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om faga litteraturvitskap, språkvitskap, norsk som andrespråk, nordisk språk og litteratur, norrøn filologi, kunsthistorie, klassisk filologi, teatervitskap, digital kultur og norskkurs for utanlandske studentar og tilsette. Det er om lag 80 vitskapeleg tilsette ved instituttet, 50 ph.d.-kandidatar og postdoktorar og 17 personar knytte til administrasjonen. Studiegruppa består av åtte tilsette med studieleiar som koordinator. Administrasjonssjef er personalansvarleg.
Stillinga har varierte oppgåver innan studieadministrasjon, med hovudområda:
Målsetjinga for administrasjonen er å leggje til rette for at det kan drivast utdanning, forsking og formidling av høg kvalitet ved instituttet.
Alle i administrasjonen må rekne med å ta del i andre administrativ oppgåver enn dei som i utgangspunktet ligg til stillinga.
Personlege eigenskapar og eignaheit for stillinga vil bli tungt vektlagt i vurderinga av kandidatar.
Som tilsett hos oss blir du ein del av eit sterkt og inkluderande team i ein spanande kunnskapsorganisasjon. Du får moglegheit til å jobbe med varierte oppgåver og utvikle deg fagleg. I tillegg får du:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Svar på spørsmåla som blir stilte og følg så stega i søknadsprosessen. Legg inn følgjande:
Søknadstekst og CV må vere på norsk eller eit anna skandinavisk språk. Vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen. Namngje vedlegga tydeleg.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: studieleiar Signe Nilssen ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, telefon 55 58 88 23, e-post signe.nilssen@uib.no.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post:
fakadm@hf.uib.no.Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjorde offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.