UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
https://youtu.be/M5n6RnScNgAVelkomen som søkjar til ei mellombels 20 prosent stilling som forskar (kode 1109) ved prosjektet Fleksible vidareutdanningar: Ukrainas historie, samfunn, språk og kultur (UA-FLEX) ved Institutt for framandspråk, Universitetet i Bergen. Tilsetjing er for perioden 1. september 2026-31. mai 2027.
Institutt for framandspråk har ni fag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Innanfor desse faga blir det forska på språk, litteratur, historie/samfunn og fagdidaktikk. Instituttet har om lag seksti fast tilsette i vitskaplege stillingar, kring tjue ph.d.- og postdoktorstillingar og elleve administrativt tilsette.
Prosjektet har som mål å utvikle ein pakke fleksible vidareutdanningskurs som skal møte behovet i det norske samfunnet for kompetanse innan Ukraina si historie, språk, samfunn og kultur. Kursa blir utforma i dialog med aktørar i offentleg forvaltning, næringsliv, utdanningssektoren og frivillig sektor.
Prosjektet skal utarbeide tre typar nettkurs: eit fleksibelt emne på bachelornivå om Ukrainas historie og litteratur (10 studiepoeng), eit innføringskurs i ukrainsk (10 studiepoeng), og seks mikroemne (2,5 studiepoeng kvar) om aktuelle tema knytte til Ukraina. Den utlyste stillinga er knytt til arbeidet med mikroemna.
Prosjektet inneheld òg ein komponent retta mot kompetansebygging, formidling og nettverksbygging.
Prosjektet er toårig og finansiert av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).
Meir informasjon om prosjektet: https://w4.uib.no/forskning/forskningsprosjekter/fleksible-videreutdanninger-ukrainas-historie-sprak-og-kultur
Hovudoppgåva til den som blir tilsett er å utvikle mikroemna i samarbeid med prosjektleiaren. Arbeidet går ut på å utvikle læringsdesign og digitale læringsressursar for emna: digitale førelesingar, intervju med spesialistar, podkastar, tekst- og biletmateriale, oppgåver og andre komponentar.
Forskaren skal òg delta i gjennomføringa og evalueringa av dei tre mikroemna som blir tilbydde første gong våren 2027. Det er òg ønskjeleg at den som blir tilsett, deltek i formidlingsarrangement.
I vurderinga blir det lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga.
Dersom den tilsette ikkje kan ha sin fysiske arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, blir det lagt til grunn at vedkomande kan koma til Bergen og delta i arbeidsmøte o.l. på prosjektet.
Den som blir tilsett, må følgje gjeldande retningslinjer ved UiB.
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Følg stega i søknadsprosessen og legg inn følgjande:
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Aktuelle søkjarar vil bli inviterte til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte prosjektleiar professor Ingunn Lunde, tlf. 93227854 eller e-post ingunn.lunde@uib.no eller Instituttleiar Martin Paulsen, tlf: 55582386 eller e-post m.paulsen@uib.no.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søkje. Dersom du kryssar av for dette i søknaden, kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.