Drift‑ og vedlikehaldseininga ved Haugesund sjukehus driftar og vedlikeheld om lag 120 000 m² bygningsareal med tilhøyrande tekniske system, anlegg og utstyr fordelt på 25 bygningar på Haugalandet. For å styrkje organisasjonen vår søkjer vi no ein vaktmeister som vil få ei viktig rolle i det daglege arbeidet med drift og vedlikehald av føretaket sine bygg og bygningsinstallasjonar.
Kva går jobben ut på?
- Særleg ansvar for vedlikehald av bygningsmessige installasjonar og inventar
- Vedlikehald, reparasjonar og mindre ombyggingsarbeid i sengerom, fellesareal m.m.
- Kontrollar og vedlikehald av ulike bygningsmessige konstruksjonar, system og anlegg
- IK‑oppfølging innan fagområdet
- Deltaking i tverrfaglege team for drift og vedlikehald av bygg og anlegg, inkludert ytre fasilitetar
- Dagleg førefallande arbeid og oppgåver etter behov
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Ønskeleg med fagbrev som snikkar/tømrar
- Søkjarar med annan relevant utdanning og erfaring kan òg vere aktuelle
- Ønskeleg erfaring med ombygging, rehabilitering og reparasjons‑ og vedlikehaldsarbeid.
- Evne til å arbeide i tverrfaglege team
- Erfaring med IT‑baserte verktøy
- Førarkort klasse B
Kva ser vi etter hos deg?
- Motivert og interessert i fagfeltet
- Evne til å arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Gode samarbeidsevner
- Arbeidsvillig, strukturert og initiativrik
Kvifor skal du velje oss?
- Spennande og varierte oppgåver i eit utfordrande og triveleg arbeidsmiljø
- Gode pensjons‑ og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Sokol Kastrati, Funksjonsleder Drift & Vedlikehold, 41863512, Sokol.Kastrati@Helse-Fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4998087907
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2026