Vestnes kyrkjelege fellesråd søkjer ein sesongarbeidar til gravplassen ved Vestnes kyrkje i perioden 29. juni–7. august 2026. Vi ser etter ein person over 16 år, som likar praktisk arbeid utandørs og som vil vere med og halde gravplassen velstelt gjennom sommarsesongen.
Vi ser etter ein person som trivst med praktisk arbeid utandørs, er påliteleg og kan arbeide sjølvstendig. Du må vere serviceinnstilt, kunne møte folk på ein venleg måte og kunne forstå og gjere deg forstått på norsk. Det er ein fordel om du kan handtere stor grasklippar og kantklippar, og har interesse for grøntstell og vedlikehald.
plenklipping og kantklipping
klipping og stell av hekkar
rydding og generelt vedlikehald av uteområdet
kompostering og handtering av grøntavfall
bruk av stor sitjeklippar og anna relevant utstyr
Vi tilbyr eit aktivt og meiningsfylt sesongarbeid utandørs, med god opplæring og tett oppfølging. Dette er ei god moglegheit for deg som ønskjer arbeidserfaring og trivst med praktisk arbeid.
Stillinga er 80%, med arbeidstid frå 09.00 - 15.30, måndag til fredag.
Lønn etter gjeldande tariffavtale
Vestnes kyrkjelege fellesråd har ansvar for drift og forvaltning av kyrkjene og gravplassane i Vestnes kommune. Vi arbeider for å ta vare på kyrkjebygg, gravplassar og kyrkjelege tenester på ein god og verdig måte.