Me søker ny produksjonsmedarbeidar i 60-80% stilling til vårt fjørfeslakteri.
Produksjon og pakking av kylling og kalkun
Delta i dei oppgåver som krevst i produksjonen, med rullering mellom stasjonar
Slakting og nedskjæring av kjøt
Pakking og klargjering av ferdige produkt
Me slaktar fast 1 dag i veka, med om lag 2 dagar nedskjæring og pakking i etterkant. I høgsesong (juli og desember) slaktar me 2 dagar i veka, og overtid må påreknast i desse periodane. Arbeidsmengd varierar mellom sesongane, men vil være om lag 60-80% på årsbasis.
Faste arbeidsdagar stort sett torsdag, fredag, og mandag jamnt heile året, men også arbeid utover dette ved behov.
Erfaring med å jobba fysisk i et miljø med fleire nasjonalitetar
Erfaring frå produksjonsarbeid, frå næringsmiddelindustrien eller produksjon av fjørfe er ein fordel, men ikkje eit krav
Erfaring frå produksjon der dyrevelferd, reinsle, hygiene, og mattryggleik er viktig er ein fordel
Beherska norsk eller engelsk, muntleg og skriftleg
Som søkar må du ha god arbeidsmoral og lika å gje ein innsats i eit hektisk miljø med sesongvariasjonar
Trivst med fysisk arbeid, og ha god helse
Pliktoppfyllande, sjølvstendig, punktleg og nøyaktig
God arbeidskapasitet
Fleksibel og positiv til å ta ansvar for nye oppgåver
Positiv haldning og gode samarbedsevner i eit fleirkulturelt miljø
Stabilt arbeid i eit positivt og variert miljø
Oppfølging og moglegheit for personleg og fagleg utvikling
Gode betingelsar
Ordna arbeidsforhold
Den som blir ansatt må gjennomgå selskapet si HMS- og hygieneopplæring. Tiltreding snarast, søknader vurderast fortløpande.
Tiltreding 01.09.26, med moglegheit for oppstart før dersom ynskjeleg.
Søknadsfrist 15. juni.
Kontakt: brynjolf@homlagarden.no / tlf 48464438
www.homlagarden.no
Homlagarden er ein lokal matprodusent i Hardanger som produserer økologisk kylling og kalkun med høg kvalitet og god dyrevelferd. Heile verdikjeda er samla lokalt -- frå foreldredyr til ferdig produkt -- noko som gir god kontroll, jamn kvalitet og truverd i marknaden. Me er i vekst og leverer varer til både daglegvare og restaurantar.