Storfjorden kyrkjelege fellesråd søkjer etter fleire medarbeidarar i kyrkjene i Stranda og Fjord kommunar. Vi har behov for kyrkjetenar i Stranda, Liabygda, Stordal, Norddal og Geiranger sokn Kan søkjast samla eller mindre stilling knytt til enkelte sokn.
Vi ser etter deg som kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med prest og frivillige kyrkjevertar/klokkarar.
Fagleg kompetanse er ikkje eit krav, men det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar, evne til å arbeide sjølvstendig, kunne samarbeide og å møte menneske i ulike livssituasjonar.
Må vere medlem i Den norske kyrkja og disponere eigen bil
Kunne framlegge politiattest i henhald til Trussamfunnslova §20
Varierte oppgåver og gode arbeidstilhøve.
Løn etter tariff. Pensjon i Klp.
Opplæring
Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt området er sokn rundt Storfjorden på Sunnmøre. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn i Fjord og Stranda kommunar med omlag 7200 innbyggjarar. Det vil vere om lag 10 årsverk fordelt på 13 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor er i Stranda.