No er det eit år sidan vi flytta inn i det heilt nye og moderne sjukehuset Nordmøre og Romsdal. Ved innflytting blei det oppretta ein heilt ny sengepost for vaksne pasientar med sjukdommar innan fagområda kreft, palliasjon og blodsjukdommar – Sengepost Medisin 1.
I denne sengeposten arbeider vi i team som består av sjukepleiarar, spesialsjukepleierar, helsefagarbeidarar og studentar og vi jobbar tett med dei andre faggruppene på sjukehuset. Vi arbeider fortsatt med å bygge opp fagmiljøet vårt, blant anna med fastsatte fagdagar i turnusplan.
Sengepost Medisin 1 SNR har for tida ledige stillingar for helsefagarbeidar: 2 x 100% fast stilling!Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli aktuelle. Dersom du er interessert i andre stillingsprosentar kan du også søkje på stilling, oppgje kva prosent du ønskjer.
Det er moglegheiter for å gå langvakter både på kvardagar og helg (kvar 4. helg), eller ordinære vakter (kvar 3. helg) dersom det passar best.
Dersom du er helsefagarbeidar med interesse for kreft, palliasjon eller blodsjukdommer, verdset eit godt arbeidsmiljø, fagleg utvikling og ei givande pasientgruppe, då håpar vi å motta ein søknad frå akkurat deg!
Arbeidsoppgåver
- Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut
- Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast
- Meistre norsk munnleg og skriftleg - minimum B2 nivå
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar
- Bidreg positivt i arbeidsmiljøet
- Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ragnhild Steinsland, Seksjonsleder, +47 71 11 69 89, ragnhild.steinsland@helse-mr.no
Kristina Aasen, Seksjonsleder, +47 71 11 69 98 , Kristina.Aasen@helse-mr.no
Arbeidssted
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5136532575
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2026