Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19
Ved Bukollektiva, Molværsvegen 15/17/19 har vi ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar grunna interne omrokkeringar. Arbeid i 2-delt turnus med arbeid kvar 3. helg. Om ønskeleg kan stillinga aukast til 100% då med 20% flytvakt i turnus.
Er du ein helsefagarbeidar som ønskjer å arbeide kunnskapsbasert, systematisk og personsentrert i demensomsorga? Hos oss får du høve til å bruke og vidareutvikle di faglege kompetanse i eit miljø med høg kvalitet og faglege ambisjonar.
Hos oss står mennesket i sentrum. Vi arbeider aktivt med å skape trygge, gode og meiningsfulle dager for våre bebuarar med utgangspunkt i den enkelte sine behov, ressursar og livshistorie.
Molværsvegen 15/17/19 er bukollektiv med heildøgns omsorg for personer med sjukdomen demens. Avdelingane er adskilte, men har felles leiing og det er nært samarbeid både fagleg og sosialt. Avdelinga og eininga har godt omdømme.
Ønsker du å arbeide med denne bebuargruppa og vil vere med på utvikling av tenesta er du velkomen som søkar!
Søknadsfrist 25.mai 2026
VI søker ein positiv og løysningsorientert kollega som er engasjert, kunnskapsrik og som vil vere med å bidra til eit godt miljø for bebuarar og kollegaer. Du har ei genuin interesser for demensomsorg og ønsker å vere ein aktiv bidragsyter for å gjere kvar dag best mogleg for bebuarar og pårørande. Du trivast med varierte og utfordrande arbeidsdager og evner å arbeide strukturert samstundes som du er fleksibel. Du er god på kommunikasjon og samspel med både kollegaer og tenestemottakarar.
Du må vere ein lagspelar og samstundes kunne arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Frå løna vert det trekt 2% til pensjonsordning
Tilsetting på vanlege kommunale vilkår
Catharina Klokk Eide, Avdelingsleiar Molværsvegen 15/17/19, 48074239, catharina.klokk.eide@sula.kommune.no
Cecilie Ørjasæter, Einingsleiar, 91596764, Cecilie.Orjasaeter@sula.kommune.no
Molværsvegen 19
6030 Langevåg
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5110515811
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.08.2026
Søknadsfrist: 25.05.2026
Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.
Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.