Ynskjer du ein spennande og allsidig stilling som assistent i heimestenesten i indre sone? Heimetenesta har no ledig to faste stillingar på 67,37% og 56.81%. Me søkjer etter engasjerte og dyktige assistentar! Stillinga er to delt, du arbeidar både i heimetenesta og som assistent for praktisktbistand. Det vil sei at ein gjer arbeidsoppgåver som praktisk bistand med vask og reingjering i private heimar,- samstundes som ein og vil ha oppdrag i heimetenesta med enkle pasientoppdrag som stell og pleie. Indre sone har basekontor på Ølen omsorgssenter og gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Tilsette arbeidar i turnus fordelt mellom arbeid på dag, kveld, og arbeidar 16 helgar per år.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema:
Søk herVindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund.
Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle.
Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.