Engelsvoll skule har ledig ei fast lærarstilling på mellomtrinnet frå 01.08.26.
Vi søker deg som er ein engasjert, tydeleg og omsorgsfull lærar. Du har solid relasjonskompetanse, ei inkluderandre og robust klasseleiing og trivst med arbeid i eit profesjonelt læringsfellesskap.
Kjernekomponentane våre mot 2028 er "den engasjerte eleven", utvikling av "det profesjonelle læringsfelleskapet" og "digitalisering". Vi tar del i Kleppskulen sitt satsingsområde Oracy, tilbyr elevane ein hjernevennleg skulekvardag, utviklar vår eigen skaparverkstad (maker space) og brukar Lesson study som metode.
Skulen er sentralt plassert nær togstasjonen Klepp stasjon. Det er ca. 10 minutt å gå frå stasjonen opp til skulen. Skulen vår ligg nær Frøyandsvatnet med flotte natur- og aktivtetsområder, som skulen nyttar i ein aktiv og variert skulekvardag.
Dette skuleåret har vi 155 elevar og 23 tilsette; lærarar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljørettleiare og skuleleiing (rektor og to avdelingsleiarar). I tillegg har vi skulekonsulent, byggdriftar og helsesjukepleiar. Det er høg trivsel, solid og variert kompetanse blant dei tilsette, og vi håper at du vil vera med å vidareutvikla dette til det beste for elevar og kollegaer.
Lise Følgesvold Pedersen, Rektor, +47 45036415, lise.folgesvold.pedersen@klepp.kommune.no
Kristine Andersen, Avdelingsleiar, mellomtrinn, +47 40458229, kristine.andersen@klepp.kommune.no
Engelsvollvegen 91
4353 Klepp Stasjon
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5123714006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.05.2026
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.