Er du sjukepleier og ute etter ein meiningsfylt og kjekk jobb? Vi har ledig:
Stillinga er per d.d knytt til natt på Sykkylven Bu- og aktivitetssenter (BUAS). Her er 7 nattevakter per natt som samhandler med kvarandre. Ein sjukepleiar er på "topp" og gir sjukepleiekompetanse til alle avdelingane etter behov.
På Buas er det totalt 83 plassar fordelt på 5 avdelingar. Det er 2 avdelingar for demente, 1 korttidsrehab avdeling som også har 1 KAD plass, 2 avdelingar med heildøgns omsorg (leiligheter)der det også er nokre langtids institusjonsplassar.
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Wenche Oldeide, Einingsleiar, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no
Haugneset 16
6230 Sykkylven
Arbeidsgivar: Sykkylven kommune
Referansenr.: 5123950321
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv. Sjå meir frå Sykkylven