Den utlyste stillinga gjeld i hovudsak teneste i Olden, Innvik og Utvik kyrkjer, og ansvar for kyrkjemusikken i desse tre sokna. Ein vert tilsett i heile fellesrådsområdet, og må rekne med noko arbeid og i dei andre kyrkjene. Stillinga kan bli fast.
Kvalifikasjonar:
*Kunne vere musikalsk leiar i gudstenester og andre kyrkjelege handlingar, fortrinnsvis på orgel og/eller piano.
*Kunne meistre ulike musikalske uttrykksformer
*Røynsle frå kyrkjelydsarbeid og kjennskap til norsk gudstenesteliv er ynskjeleg. Opplæring vert gjeve etter behov.
*Kunne kommunisere godt på norsk - både skrifteleg og munnleg.
*Lojalitet til kyrkja sine grunnverdiar og visjon
Personlege eigenskapar:
*Kunne arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med frivillege og stab
*Engasjert, fleksibel, strukturert og løysingsorientert
*Open for musikalsk mangfald og tverrfagleg samarbeid
Andre vilkår:
*Må disponere bil
*Den som får tilbod om stillinga, må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjinga
*Planlegge og gjennomføre gudsteneste, gravferder, vigsler og institusjonsandakter i samarbeid med prest/stab
*Inspirere til variert og breitt musikalsk uttrykk i gudsteneste og anna kyrkjelydsarbeid
*Ansvar for tilsyn og vedlikehald av kyrkjene sine instrument
*Andre oppgåver kan bli aktuelle
*Spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø
*Løn etter gjeldande tariff
*Gode forsikrings- og pensjonsordningar
I Stryn kyrkjelege fellesråd er det 8 sokn, med 16 tilsette fordelt på 9,3 årsverk, i tillegg til tre prestar. Vi har til saman 15 tilsette, av desse er 1,2 årsverk organistar/kyrkjemusikarar. Kyrkjekontoret i Stryn sentrum er felles base for dei tilsette.