Operasjon FSS høyrer til avdeling for anestesi, operasjon, intensiv, dagkirurgi og sterilsentral (AIO).
Helse Førde tilbyr løn under utdanning til sjukepleiar som ønskjer å spesialisere seg i operasjonssjukepleie. Ved gjennomført utdanning og bestått eksamen, vert det fast stilling som spesialsjukepleiar i Helse Førde.
Føresetnad for å nytte seg av tilbodet er at ein kan dokumentere studieplass for relevant utdanning ved Høgskulen på Vestlandet, avdeling Førde.
Søknadsfrist masterutdanning Høgskulen Vestland (Campus Førde): 15.04.2026 - lenkje til sida for søknad studieplass.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Ina Myklebust Ørjansen, Seksjonsleiar, (+47) 473 97 294
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 5096831264
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.