Det er ledig vikariat på 73,5% som lærar ved Kyrkjebygda oppvekstsenter i perioden 01.08.26 - 31.12.26 med mogelegheit for forlenging av delar av vikariatet.
Kyrkjebygda oppvekstsenter ligg i Nissedal kommune og er ein 1-7 skule med tettsamarbeid med barnehagen. Skulen ligg idyllisk til ved innsjøen Nisser og har tilgang til gode uteområde som vert nytta mykje i undervisninga.
Skulen er oppteken av å gje eleven trygge og gode rammer for å utvikle medborgarskap og kunnskap. Det vert arbeidd målretta for å førebygge mobbing og for at den einskilde skal kjenne seg sett og verdsett. Skulen har stort fokus på å etablere gode arbeidsvaner og å tilrettelegge for at elevane skal kjenne på meistring i skulekvardagen. Me har eit tett samarbeid med føresette og andre instansar, både offentlege og private. Lærarar som trivst på arbeid gjer den beste jobben for elevane sine! Hjå oss arbeider me aktivt for at dei tilsette skal trivst med arbeidsoppgåvene sine og ha mogelegheit for å utvikle seg vidare i profesjonen sin. Me arbeider tett, men ønskjer samstundes å gje den einskilde tillit i arbeidet. Me har god kultur for kollegarettleiing og ønskjer at den einskilde skal kjenne på ei god lagkjensle på arbeid. Kyrkjebygda oppvekstsenter er ein arbeidsplass som vert kjenneteikna av høg grad av trivsel og lågt sjukefråvær, med høve til fagleg utvikling i form av tillitsbasert arbeid og tilrettelegging for kompetanseheving og vidareutdanning.
Arbeidsoppgåvene handlar om å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning i faga, samt å vurdere elevane sin faglege kompetanse i tråd med lovverk og læreplanar. Jobben som lærar handlar i stor grad om å samarbeide tett med elevane og andre tilsette, og å ha god dialog med føresette gjennom heile skuleåret.
Tone Straand, Rektor Kyrkjebygda oppvekstsenter, skule, +47 41 42 52 71
Nissedalsvegen 930
3854 Nissedal
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5137420638
Stillingsprosent: 73,5%
Vikar
Søknadsfrist: 18.06.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.