Skodvin Montessoriskule søkjer deg som vil bli ein del av den flotte skulen vår. Skulen er opptatt av at alle dei vaksne er eit team, og at vi skal skape ein inkluderande og trygg skule, som gjer mogelegheit for vekst og trivsel, både sosialt og fagleg.
Vi søkjer fortrinnsvis etter ein erfaren lærar med spesialkompetanse i montessoripedagogikk, og/eller kompetanse innanfor nokre av desse fagområda: spesialpedagogikk, engelsk, norsk og matematikk.
Søkjarar med ynskje om videreutdanning innan montessoripedagogikk vil bli vektlagt.
Vi søkjer deg som er god til å formidle og til å tilpasse form og innhald slik at du når den einskilde elev. Du har evne til initiativ, fleksibilitet og samarbeid i eit lærande fellesskap. Du likar å omgås ulike typar menneskje og du er god til å byggje mellommenneskelege relasjonar. Vi legg vekt på elevsyn, relasjonskompetanse og at ein kan vere roleg og trygg i møte med elevar som kan utfordre.
Personlege eigenskapar vert vektlagt og menn oppfordrast til å søkje.
Det vil vere god mogelegheit for fast stilling neste skuleår.
Skodvin Montessoriskule har 66 elevar skuleåret 26/27, fordelt på 1.-7. trinn.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov om friskular, opplæringslova og føreskrifter til desse. For tilsetjing i skulen krevs gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, som må leggjast fram før tilsetjing, jfr. Opplæringslova § 17-11.
Som lærar på ein montessoriskule jobbar ein etter montessoriprinsippa der læraren først og fremt er ein rettleiar for elevane.
Vi er opptatt av dydene og at alle skal vise respekt, ansvar og toleranse for både seg sjølve og andre.
Vi treng ein lærar som har spesialpedagogikk i fagkrinsen og som i tillegg har har norsk, matematikk eller engelsk.
Spesialpedagog på 4.-7.trinn, der oppgåva først og fremst er å fylje opp elevar med IOP og Individuelt tilrettelagt opplæring, men i samarbeid med dei andre på teamet.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø, flotte medarbeidarar og ei samansveisa elevgruppe.
Lønn etter tariffavtale, med tillegg for montessoripedagogar.
Mogelegheit for etterutdanning i montessoripedagogikk.
Skulen ligg i landlege og naturskjønne Hundvin i Alver kommune. Her har vi kort veg til skog og vatn, og vi har mange gode mogelegheitar til å bruke naturen som læringsarena.
Skulen har eit godt samarbeid med føresette og Hundvinbygda.
Bergen sentrum er ca 45 minutter unna.
Vil du vite meir om oss eller tenkjer at dette kunne vore interessant for deg?
Ta kontakt med rektor Monica Thomassen Waage på telefon 94114741