Er du vår nye ergoterapeut ?
Vil du vere ergoterapeut i Nissedal og Fyresdal kommune ? Me har ledig ein særs spennande stilling som
ergoterapeut i 100 %. Stillinga er eit interkommunalt samarbeid mellom Nissedal kommune og Fyresdal kommune, kor 30 % av stillinga er knytta til ergoterapeut oppgåver i Fyresdal kommune. Arbeidsstad vil i hovudsak vere i Nissedal.
Som ergoterapeut vil du vere ein sentral person innanfor områda ergoterapi, kvardagsmeistring og demensomsorg. Me har stort fokus på framtidsretta og heilskapelege tenestar til våre innbyggarar.
Me håper akkurat DU søkjer hjå oss
Arbeide tverrfagleg med tenestekontor, fysioterapeut, demenskoordinator og andre
samarbeidspartnarar, når det gjeld kartleggingar, funksjonsvurdering og tilrettelegging av aktivitetar for heimebuande både med eit demensfokus og mestrinstankegang/ kvardagsmeistring
Førebyggande heimebesøk
Bistå innbyggjarar med søknadar om ombygging/ tilrettelegging av bustadar
Ordinære ergoterapi oppgåver knytta til hjelpemidlar
40 % av stillinga er på dagsenter tilbodet for heimebuande personar med demens
• Autorisert ergoterapeut
Du er :
• Engasjert
• God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
• Fleksibel og løysingsorientert
• Sjølvstendig samtidig som du har gode samarbeidsevner
• Respekt, forståelse og empati for brukar, samarbeidspartnarar og kollegaer
• Høg arbeidsmoral
• Nytenkande og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar og arbeidsmiljø
• Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, emn ikkje eit krav
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar.
Ein særs spennande stilling, kor du er med på å utvikle og påverke framtidas tenestetilbod i
Nissedal kommune
Eit godt arbeidsmiljø
Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
10 års inngangsansiennitet for høgskulepersonell
Lønn etter avtale
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Hannelore Skeimo, Kommunalsjef velferd, +47 92462619
Treungvegen 398
3855 Treungen
Arbeidsgivar: Nissedal kommune
Referansenr.: 5123563083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.05.2026
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1500 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.
Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.