I ambulansetenesta i Helse Fonna treng vi ferievikarar i sommar!
Frå veke 26 til veke 34 har vi ledige stillingar i 50–100% ved våre 10 ambulansestasjonar i Nord-Rogaland, Sunnhordland og Hardanger på følgende lokasjoner: Haugesund, Karmøy, Vindafjord, Sauda, Suldal, Odda, Kvinnherad, Stord, Tysnes og Bømlo.
Her blir du ein del av eit erfarent og fagleg sterkt miljø, der samarbeid og tryggleik står i sentrum. Arbeidskvardagen er variert, krevjande og spanande – du må kunne ta raske og riktige avgjerder, arbeide sjølvstendig og trivast med å køyre utrykking.
👉 Skriv i prioritert rekkjefølgje kva stasjon du ønskjer å jobbe ved
👉 Oppgi eventuelle ønskje om arbeidsperiode dersom du ikkje kan jobbe heile sommaren
👉 Søk no!
Behandling og transport av pasientar
Vi ser etter deg som:
🔹 Eit høgt fagleg nivå – Her blir du ein del av eit dyktig fagmiljø der du får bruke kompetansen din i krevjande og varierte situasjonar.
🔹 Eit engasjert og støttande arbeidsmiljø – Du får kollegaer som brenn for jobben sin, deler kunnskap og heiar på kvarandre. Her finn du eit lag av kompetente og stolte medarbeidarar som veit kor viktig godt samarbeid er.
🔹 Ein jobb med meining – Kvart oppdrag betyr noko. Her får du ei variert og utfordrande arbeidserfaring som både utviklar deg fagleg og gir deg personleg vekst.
Lene Hetland, Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling, +47 91560352, lene.hetland@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5070222137
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.06.2026
Sluttdato: 30.09.2026
Søknadsfrist: 31.05.2026
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.