Bolstad barnehage søkjer engasjert pedagog med god fagleg kompetanse og eit stort hjarte for born. Me ser etter deg som ynskjer å bidra til at borna får rike og varierte opplevingar og erfaringar, utfordringar og meistringsopplevingar gjennom leik og aktivitetar kvar dag i barnehagen. Me legg stor vekt på at leiken skal ha ein sentral plass og bli prioritert i barnehagekvardagen vår.
Den som blir tilsett må leggja fram godkjent politiattest
Informasjon om barnehagen:
Bolstad barnehage er ein 1-avdelingsbarnehage på Bolstad, ca. 30 minuttar frå Voss sentrum. Me har 14 barn i alder 1 – 5 år. Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema:
Søk herVoss herad har om lag 15.600 innbyggjarar, med Vossevangen som regionssenter. Bygda vår er
senter for utdanning i regionen og har eit godt utbygd næringsliv. Voss er eit knutepunkt langs
stamvegen aust - vest, og har godt togsamband til Bergen og Oslo.
Voss herad er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er
administrasjonsmålet i kommunen.
Verdiane våre: profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande