Om arbeidsstaden
Område Vest er lokalisert på Voss Sjukeheim. Det er gangavstand frå sentrum og togstasjonen. Avdelinga med ledige stillinger er ei langtidseining med 30 bebuarar delt på 3. og 4. etasje. Fast stilling er i turnus med vakter på dag, kveld og 2. kvar helg, evt 4. kvar helg i langvakter. Me sett brukarane våre i sentrum, og ynskjer å styrke brukarmedverknaden og tilby individretta tenester utifrå kvar enkeltes behov. Me jobbar etter årsturnusprinsippet som sikrar forutsigbarheit for den tilsette, og kontinuitet for våre brukarar.
Som helsefagarbeidar på Voss Sjukeheim jobbar du tett ilag med fleire yrkesgrupper for å gje våre brukarar trygge og kvalitetssikra tenestar i alle ledd.
Det er krav om politiattest ved tilsetjing. Søknader vert handtert fortløpande.
Søknad
Tiltreding i stilling 1. september eller etter avtale
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema:
Søk herLivet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport.
Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo.
Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad.
Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande