Kreftgenomikk er ein avdeling i Laboratorieklinikken med ansvar for avansert molekylær kreftdiagnostikk og består av to seksjonar; Blodgenomikk og Tumorgenomikk. Avdelinga nyttar ulike molekylære analysemetodar på kromosom-, DNA- og RNA-nivå for å undersøke endringar i genomet som er viktige for diagnostikk og behandling. Laboratoriet er akkreditert ihht ISO 15189 standarden. Helse Bergen HF er eit infrastruktur for presisjonsdiagnostikk (InPreD) nivå 1 sjukehus der Kreftgenomikk har ei sentral rolle i utprøving, utvikling og innføring av nødvendige laboratorieanalysar for presisjonsmedisin.
Avdelinga er ein av åtte einingar i Laboratorieklinikken som rapporterer direkte til klinikkdirektør. Kreftgenomikk samarbeider med Avdeling for patologi, Avdeling for medisinsk genetikk, Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Regionalt kompetansesenter for arveleg kreft (RKAK), Seksjon for bioinformatikk og Biobank Haukeland. Dei tilsette har ulik yrkesfagleg bakgrunn med høg fagleg kompetanse (helsesekretær, bioingeniørar, molekylærbiologar og legar).
Vi har ledig stilling med fagansvar FISH, tilknytta seksjon for Blodgenomikk.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
Hilde Myhre Mæland, Seksjonsleiar, 55973198
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5138124208
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.