ØNH - poliklinikk har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar. Oppstart 01.09.26, eller etter avtale.
På ØNH poliklinikk arbeider det legar, sjukepleiarar, hjelpepleiar og audiografar i tett tverrfagleg samarbeid
Poliklinikken har varierte og spanande fagområde, mellom anna generell ØNH, allergi, høyrsel, småkirurgi og eiga søvnpoliklinikk. Vi gir tilbod til pasientar i alle aldrar.
Stillinga som lysast ut er dagtidsarbeid.
Stillinga er delt mellom Søvn poliklinikk og ØNH poliklinikk.
Oppgåver knytt til Søvn poliklinikk:
Oppgåver knytt til ØNH poliklinikk
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Karin Refvik, Seksjonsleiar, +47 976 23 683
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Arbeidsgivar: Helse Førde
Referansenr.: 5122082355
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2026
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.