Vi har ledig 100 % fast stilling som helsesekretær ved legekontoret vårt, og søkjer ein serviceinnstilt og strukturert medarbeidar som ønskjer å bidra til gode helsetenester for innbyggjarane.
Legekontoret har to fastlegar og sjukepleiar, og er knytt til eining for helse og velferd. Eininga omfattar mellom anna jordmor, helsesjukepleiarar, habilitering, psykisk helse og rus, fysioterapi samt flyktningtenesta. Dette gir eit nært og tverrfagleg samarbeid i kvardagen.
Laila Ljosland, Einingsleiar Helse og velferd, +47 41322847
Bordalsbakken 10
4540 Åseral
Arbeidsgiver: Åseral kommune
Referansenr.: 5124265402
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2026
I tilknyting til skulen ligg fleirbrukshallen med idrettsbane, skytebane og basseng. Uteområdet har mellom anna fotballbane og friidrettsarena. Åseral kommune er Norges sørlegaste fjellparadis med vintersportsstadane Bortelid, Eikerapen og Ljosland.
Det er gode moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Med halvannan times køyring kjem du til Kristiansand, medan vi ligg tre timar frå Stavanger. Det kan også vera moglegheiter for andre jobbar i kommunen eller i regionen for eventuell partner.